Aktuelt

Kommunen blei frå 2020 medlem av Sunnmøre friluftsråd.  Medlemskommunane får då delta i mellom anna  Stikk-ut (sommar) og Stikk-ut Ski. Den siste er alt etablert med to postar på Fjellsetra; ein på skistadion og ein på Storhaugen(«Appelsinhaugen»).

Måndag 10. februar kl. 17:00-18:00 ønsker Aure skule, Sørestranda skule, Ullavik skule og Vik skule føresette og nye 1. klassingar frå hausten 2020 velkomne til innskriving på den skulen barnet soknar til. 

 

Sykkylven kommune tek no i mot søknadar til dei ni bustadane i Smibrauta. Bustadane vil vere innflytningsklare 1. mars 2020. 

Kommunen tildelar bustadane etter søknad og etter dei kriteriar som kommunen og Husbanken har sett for tildeling. 

 

og økonomiplan 2020 - 2023. sjå:

 

Stranda og Sykkylven har siste året forhandla ny intensjonsavtale for samanslåing. Etter valet i haust har begge kommunane oppnemnt nye forhandlingsutval som skal vidareføre prosessen.

På grunn av vegarbeid vil der for Nysætervegen og Fausavegen vere redusert framkome, og periodevis stengd veg.

Post frå kommunen - rett i di digitale postkasse
For Sykkylven kommune er det viktig å kunne utnytte teknologi for å gi deg så gode tenester som muleg - og til å bruke ressursane så effektivt som muleg. Saksystemet vårt, samt fleire fagsystem, sender no ut alle brev digitalt.

 

Det nye kommunestyret for perioden 2019-2023 vert konstituert 30. september.