Auka fokus på sunt kosthald i dei kommunale barnehagane

I byrjinga av januar vart det oppretta ei arbeidsgruppe som skal jobbe for sunt kosthald i dei kommunale barnehagane. Denne gruppa er no godt i gong med sitt arbeid. Målet er å etablere sunne kosthaldsvanar blant barnehagebarna, etter anbefalingar og råd frå Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet har utarbeidd ei nasjonal fagleg retningsline med anbefalingar for mat og måltid i barnehagen. Tala viser at mellom 40-60% av barns totale matinntak går føre seg i barnehagen. Det er difor særs viktig å ha fokus på servering av sunn mat. Dette gjeld ikkje berre den fysiske helsa til barna, maten utgjer også byggjeklossane for hjerna si kognitive utvikling.

Barna får vere med og lage maten.

 

Arbeidsgruppa består av fysioterapeut Julianne L. Blindheim, barnehagestyrar Berit Hanken (Blakstad naturbarnehage), pedagogisk leiar May-Kristin Ulla Bjørklund-Dyrhaug (Vikedalen barnehage) og pedagogisk leiar Gro Kristin Tafjord (Ullavik barnehage). Arbeidsgruppa ser på kva barnehagane serverer i dag, og utarbeider nye rutiner og forbetringar der det er behov. Dette kan til dømes gjelde kva type brød og pålegg ein serverer og korleis ein markerer høgtider og bursdagar. Grønsaker, frukt og bær har sjølvsagt ein naturleg plass i det daglege matinntaket.

Tanken er at dette skal gjere det lettare for personalet å navigere i matjungelen, og gjere det enkelt for absolutt alle vaksne å tilberede sunne måltid til barna basert på fagleg kunnskap. Ein ønsker å bygge opp tidlege sunne kosthaldsvanar for å førebygge kosthaldsrelaterte plager og sjukdomar. Dei kommunale barnehagane vonar at foreldre/føresette vil støtte opp om desse tiltaka. Enkle snuoperasjonar kan gjerast.

Mykje god mat i grønsak-kassa!Sjølvplukka gulrot