Auka tilskotssatsar for drenering frå 1. juli

I jordbruksforhandlingane vart partane samde om å auke tilskotssatsane for drenering frå 1. juli.

Nye satsar er 4 000 kroner per dekar og 61 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 4 000 kroner per dekar ramma areal. Endringane gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli 2023. Partane er samde om at satsane skal liggje fast på dette nivået og at løyvinga blir halden uendra på 68 mill. kroner i 2024. Forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord blir oppdatert med dei nye satsane.

Handsaming av søknader sendt inn før 1. juli

 

Søkjarar som har fått innvilga tilskot før 1. juli etter gamle satsar, kan trekkje gammal søknad og sende ny søknad når arbeidet på det omsøkte arealet ikkje er påbyrja. Kommunen må då gjere nytt vedtak om tilskot. Samtidig skal kommunen drage inn tidlegare innvilga tilskot ved å avslutte den gamle saka i Agros. I tillegg til endra tilskotssum, kan det bli ny arbeidsfrist. I mellomtida kan også planane ha vorte endra. Forutan god forvaltningsskikk og ryddig saksbehandling, vil denne praksisen bidra til å sikre korrekte statistikkopplysningar.

Etter ei endring I fagsystemet i 2022 blir tilskotssatsane styrte ut frå søknadsdato, og ikkje vedtaksdato som tidlegare låg til grunn for tilskotssatsane. For søknader som kommunen ikkje har behandla før 1. juli, kan søkjar tilsvarande trekkje gammal søknad og søkje på nytt etter 1. juli.

Etter § 3 i forskrifta kan det ikkje gjevast tilskot der tiltaket er påbyrja. Dette betyr at det ikkje kan gjevast tilskot etter fornya søknad og med nye satsar i slike tilfelle.

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post