Beste barneskulen i friidrett på Sunnmøre

Torsdag 30.11 reiste 44 elevar frå Aure barneskule og Sørestranda skule til Ulsteinvik for å delta på semifinale SØR i friidrett. Elevane som deltok har kvalifisert seg til konkurransen gjennom gode resultat i kroppsøvingstimane i haust. 

Vellykka dag 

Ein svært vellykka dag i Ulsteinvik enda med at Aure barneskule vann turneringa samanlagt med flest poeng, og vart med det kåra til den beste barneskulen i friidrett på sunnmøre. Eit svært imponderande resultat som vitnar om mange gode prestasjonar og flinke elevar. 

I tillegg til Aure barneskule og Sørestranda skule var også Velledalen montessoriskule og Sykkylven ungdomsskule med på stemnet. Her var det også mange gode resultat og fleire elevar som både vann klassa si og kvalifiserte seg til fylkesfinale i Molde i mai. 

Desse er klare for fylkesfinale i Molde

Dei tre beste resultata i kvar grein går vidare til fylkesfinalen. 

For Aure barneskule og Sørestranda skule kvalifiserte følgjande elevar seg:

7. klasse

  • Ruben Kalstad Øyen Lade vann kulestøt med 12.12 meter.
  • Sanna Hagebakk kom på 3.plass i 60 meter med tida 9.17.

6. klasse 

  • Kristina Myrnes vann kulestøt med 8.97 meter.
  • Ida Marie Klokkehaug kom på 2.plass i kulestøt med 8.86 meter, ho kom også på 3.plass på 60 meter med tida 9.78
  • Ida Helen Tretteskog kom på 3.plass i kulestøt med 7.84 meter.
  • Nojus Naujokas vann lengdehopp med 4.15 meter, han kom også på 3.plass i kulestøt med 9.09 meter.
  • Sofian Allan Darrubi vann 60 meter med tida 8.92 (han sprang på 8.54 i eit tidlegare heat). 
  • Mieszko Linczowski kom på 3.plass på 60 meter med tida 9.30
     
Elevane som deltok frå Aure barneskule og Sørestranda skule

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fornøgd lærar når førsteplassen var sikra.