Bli kjent med den nye skuleplassen til Aure barneskule og støtt samtidig TV-aksjonen 2023

Laurdag 21.oktober kl. 12 arrangerar Redd Barna Sykkylven, i samarbeid med Sykkylven kommunen, ein aktivitetsdag på nye Aure barneskule.  Uteområdet ved Aure barneskule passar godt til mottoet for årets TV-aksjon: La barna leike, lære og leve i fred.
Dette er ei fin moglegheit til å bli kjent med den nye skuleplassen, og samtidig støtte TV-aksjonen 2023.

Bli kjent med den nye skuleplassen til Aure barneskule og støtt samtidig TV-aksjonen 2023   

Vi ønsker alle velkomne til aktivitetsdag på uteområdet til Aure barneskule! 

Her vil det vere fleire aktivitetar som born og familiar kan delta på. Det kostar 100 kr per familie og for vaksne enkeltpersonar som vil delta i aktivitetane. Inntektene går uavkorta til TV-aksjonen 2023 til Redd Barna, og det viktige arbeidet dei gjer for å hjelpe barn ramma av krig og konflikt. 

Aktivitetar

Barnerettsti med 14 postar. 
Aktivitetsløype der vi dels brukar apparat og baner på skuleplassen til enkle oppgåver, og dels har vi med andre utespel.
Samle bokstavar. På aktivitetane skal gruppene samle bokstavar og lage ord som gjev tilgang til målområdet. 
Målområdet. Her får alle barna ein sjokolademynt, saft og eple. I tillegg kan ein kjøpe vaflar. 
Sponsa rundar rundt skulen. På grunn av flyttesjauen i desse dagar, har ikkje Aure barneskule kapasitet til å arrangere sponsa løp for elevane slik dei brukar. Det blir difor høve til at folk sjølve organiserar sponsa rundar rundt skulen for små og store i det tempoet dei likar.  Andre grupper eller organisasjonar kan sjølvsagt også lage til slike sponsa rundar. 
Vi utfordrar spesielt dei politiske partia om å delta på laurdag. 

Arrangør: Redd Barna Sykkylven og Sykkylven kommune

Sørestranda skule

Sørestranda skule arrangerer skuleløp fredag 20.oktober på Ikornnes stadion. Her vil elevane springe/gå mange rundar rundt stadion, og både familie og vener kan vere med å støtte elevane. 

 

Sykkylven kommune har valgt å ha ein digital innsamlingsaksjon. Det vil derfor ikkje kome bøssebærarar på døra di på aksjonsdagen, som er førstkomande søndag 22.oktober. 

Fleire har oppretta digitale bøsser i Sykkylven, doner gjerne ein valfri sum til tv-aksjonen 2023 til ei av desse bøssene.
 

TV-aksjonen 2023