Den nye tankbilen er på plass på brannstasjonen

I fleire år har vi arbeidd for å få erstatta den tretti år gamle ombygde mjølketankbilen med ein ny tankbil. Kommunestyret vedtok kjøp av ny bil og etter ein konkurranse vart det inngått avtale med firmaet Braco. No er bilen levert og står bilen skinande gul med blålys og refleksar.

Brannmannskapet hadde møtt opp på brannstasjonen for å ta i mot den nye bilen med brannmeister Gjermund Eidem som sjåfør. Han hadde køyrd frå Lier og stemninga var god då den nye bilen svinga inn til brannstasjonen. For tilsette i brannvernet er det ein viktig motivasjonsfaktor med godt utstyr. For å utføre brannvernet sitt samfunnsoppdrag trygt og effektivt er tretti år gammalt utstyr ikkje tilfredsstillande.

Den nye bilen har 11.000 liter vasstank, 400 liter skumtank, firehjulstrekk, lysutstyr, vinsj i front til bruk ved bilredningsoppdrag og god skapplass til anna brannutstyr. Vasstanken er godkjent for drikkevatn og kan nyttast ved driftsproblem på kommunalt og private vassverk.

Kommunen har krav om tankbil med sløkkevatn for dei område som ikkje har ledningsnett med sløkkevatn. Dette gjeld dei høgareliggande områda med fast busetnad og hytteområda.

Vi skal gratulere kvarandre med ein ny reiskap som sikrar tryggleik for at sløkkevatn kjem fram raskt og sikkert til alle delar av kommunen.

to personar og en tankbil - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

Oddmund Grebstad
brannsjef