Eigenberedskapsveka 2023

Den landsomfattande eigenberedskapsveka 2023 vert gjennomført frå i dag, måndag 30.oktober, til søndag 5. november.

Tema for eigenberedskapsveka 2023 er å ØVE. 

Kor godt forberedt er du på ulike kriser? 

Vi oppmodar alle innbyggarar til å øve og ta nødvendige grep for å styrke eigenberedskapen. 
På sikkerhverdag.no finn du mange gode tips om korleis du kan dekke dei grunnleggande behova i ein krisesituasjon. 

Eksempel på lager du bør ha heime. Gaute Gjøl Dahle/DSB

Du er ein del av beredskapen i Norge

Ved store hendingar og kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritere hjelp til dei som treng det mest. 

Det vil seie at mange innbyggarar må vere førebudde på å måtte klare seg sjølv i nokre dagar ved straumbrot, viss dei mister tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/internett er nede - eller det blir vanskeleg å kome seg ut for å handle. 

Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Norge. 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i landet å styrkje eigenberedskapen sin. Eigenberedskapsveka blir arrangert av DSB i samarbeid med kommunar, statsforvaltarar og sivilforsvarsdistrikt over heile landet.

Sikkerhverdag.no