Eldre og risikogruppene bør vaksinere seg no

Folkehelseinstituttet(FHI) forventar ei auke i influensa- og koronatilfeller. FHI oppmodar alle over 65 år og personar i risikogruppe om å vaksinere seg. 

Sykkylven legesenter tilbyr både korona- og influensavaksine. Skal du ta influensavaksine er det berre å møte opp på legekontoret i opningstida og trekke kølapp for drop-in time. 
Ønsker du covid-vaksine kan du ta kontakt på telefon: 70255050.

Kven er anbefalt å ta vaksina? 

FHI anbefalar desse gruppene å ta influensavaksine årleg:

  • Alle som er 65 år og eldre.
  • Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheimar 
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke
  • Prematurt fødde born bør ta den frå dei er 6 mnd. til dei er 5 år. Dette gjeld særleg born fødde før veke 32 i svangerskapet. 

Covid-19 vaksine: vaksineanbefaling for hausten 2023

FHI anbefalar at følgande grupper bør ta ei ny oppfriskningsdose med koronavaksine før haust/vintersesong 2023/2024:

  • Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar. 
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe. 
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom. 
  • Born 5-11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderar dette som viktig. 
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggsjukdommar som gir ytterlegare auka risiko.