Endringar av fartsgrenser i og inn mot sentrumsområdet

Nærings- og utviklingsutvalet(NU) handsama i møte 13.06.23, sak 28/23, ulike trafikktryggingstiltak i sentrumsområdet. 

Eine delen gjekk på etablering av fartshumpar, andre delen gjekk på å fastsette nye fartsgrenser. 

Sjå kartutsnitt over området. (PDF, 328 kB)

Om fartsgrenser

I hovudsak vil ein for dei kommunale vegane basere seg på bruk av sone-skilting, og då mestedelen med soner for 40 km/t. 
Tanken er at ved bruk av sone-skilting, vil skiltinga verte enklare og også gi lettare oversikt for vegbrukarane. 

For område/vegar med grøn farge vil ein skilte med 40 km/t. 
For område/vegar med blå farge vil ein skilte med 30 km/t. 
Kartutsnitt (PDF, 328 kB)

Vegar med sone 30 km/t

Som det framgår av kartutsnittet, vil ein då i praksis få 30 km/t for dei to vegane nærast inn til nye Aure barneskule. Dvs. strekninga frå ca. ved Sykkylven stadion (Haugsetvegen) og rett nord mot SIL-klubbhuset til ca. Aureelva, samt tilsvarande for strekninga Dalevegen(fv5916), her då vegen sørover ned til sjølve skulen.

Vidare vert det foreslått 30 km/t for sentrumsgatene i «kvaderaturen»; dvs.  Kyrkjevegen frå rådhuset i sør, vidare nordover gjennom sentrumskvaderaturen, forbi kyrkja og nord til gamle Aure bru ved ungdomsskulen/ kulturhuset.
Vidare med 30 km/t for vegen Haugneset, vegen frå ca rådhuset og vestover forbi barnehagen og ned til BUAS. Vidare på veg Haugneset forbi legekontor og nye Spar-butikken, og heilt inn til den søre rundkøyringa inn på Sykkylvsvegen (fv60).

Vegar med sone 40 km/t

Dette vil stort sett gjelde alle kommunale vegar innanfor «nedslagsfeltet» til nye Aure barneskule.

Vi tenker oss 40 km/t frå Aursneset i vest, til Aurdal i aust og Tynes i sør. Dvs. for heile Fauskevegen og vegane inn til denne. Vidare det same for Grebstadvegen, Åsvegen,  Kagholvegen, Haugsetvegen, Myrebakken, Haugvegen, Nakkegata, Vikedalen, Helledalen, Blindheimsvegen, Tynesvegen, resterande del av Kyrkjevegen (frå ca Rådhuset i nord og sør til møte med Sykkylvsvegen). Legg merke til at austre del av Storgata, og «tverrvegen» ned til Haugsetvegen, der det i dag er 30 km/t, iht. forslaget vil få 40 km/t. Det er også forslag om 40 km/t for vegen Kyrkjeberget, dvs. strekninga forbi badeplasen i Haugneset og ned til parkeringa på sørsida av  BUAS.

Har du ein uttale til forslaget?

Ein har høve til å kome med uttale/tilbakemelding til forslaget. 
Uttalen kan sendast på e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no.

Av omsyn til vidare framdrift vert uttalefristen 22.august 2023.