Er du vår nye kommunedirektør?Sykkylven kommune søker ein tillitsskapande kommunedirektør med innsikt, forståing og interesse for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon. Vi ser etter ein leiar som involverer dei tilsette, tar avgjerdsler og har god gjennomføringskraft. Vår nye kommunedirektør må være ambisiøs på kommunen sine vegne, og ynskjer å bidra med entusiasme og nye idear. Vi er opptekne av kommunen som samfunnsutviklar og tilretteleggar, og relevante kandidatar må ha god forståing for kommunen som samfunnsaktør. Den nye kommunedirektøren må difor ha eigenskapar som sikrar gode relasjonar både internt i organisasjonen, og til innbyggjarar, nabokommunar, næringslivet og andre eksterne samarbeidspartar. Publisert 12.09.2023 12.52 Sist endra 12.09.2023 13.12 Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon Søk på stillinga Vi ynskjer oss ein tydeleg og synleg leiar med god økonomiforståing, gode kommunikasjonsevner og ein tillitsbasert, motiverande og samlande leiarstil. Vidare ser vi etter ein uredd og sjølvgåande leiar som har fokus på samarbeid og som motiverast av å sjå andre lykkast. Høgare relevant utdanning, dokumenterte resultat frå tidlegare leiarstillingar og personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Spørsmål Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval v/Ole Petter Bratteberg tlf. 975 59 036. Alle førespurnadar vert handsama fortruleg. Søknadsfrist: seinast 28.09.2023. Det vert utarbeida offentleg søkjarliste og vi viser til offentlegheitslova §25, andre ledd om høve til å verte unnateke søkarlista.