Godt økonomisk resultat for Sykkylven kommune

Ureviderte rekneskapstal for 2022 syner eit positivt netto driftsresultat på om lag 15 mill.

Ein stor takk til alle tilsette som kvar dag gjer ein stor innsats for gode tenester i Sykkylven kommune

Penger


 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Det har politisk blitt styrt målretta mot eit positivt netto driftsresultat for kommunen. Dette gjer at det kan setjast av midlar på fond for å handtere uføresette hendingSykkylven kommune vil etter avlagt rekneskap for 2022 ha 38,7 mill. på fond.

2022 var eit år med mange uføresette hendingar som påverka økonomien. Generell kostnadsauke inkludert renteoppgang har utfordra budsjetta. På den andre sida har auka nasjonal skatteinngang mot slutten av året bidratt positivt. Sykkylven kommune tok imot omlag 80 flyktningar i 2022. Dette får kommunane tilført midlar for. Tilskotssatsane kjem med heilårsverknad uavhengig av når vår nye innbyggjarar kjem i løpet av året. Dette gjer at kommunen kan setje av delar av tilskotet på fond slik at ein seinare år kan sikre eit videre godt integreringsarbeid.

Det generelle driftsnivået i Sykkylven kommune ligg likevel for høgt sett i forhold til det vi har av normalinntekter. I alle einingar arbeider difor dei tilsette med fortløpande omstilling. I tillegg har det blitt sett i gang ein gjennomgang av dagens organisasjonsstruktur for å sjå korleis dette på mest mogeleg effektivt vis skal gje gode tenester til innbyggjarane.

Har du spørsmål kan du kontakte 

Bente Glomset Vikhagen 
Kommunedirektør 
Tlf 950 22 878

Torbjørn Emblem 
Økonomisjef 
Tlf 464 05 610