Gratis vinterferieleir i Sykkylven

Friluftsrådet tilbyr ein gratis vinterferieleir for ungdom i ungdomsskulen. Leiren blir arrangert på Orreneset(Fjellsetra) frå ettermiddagen tysdag 20.februar til og med laurdag 24.februar. 

Det blir kjekke og varierte vinteraktivitetar med ski, aking, truger m.m. Vinterferieleiren med reise tur/retur, mat, aktivitetar og ev. heiskort er gratis. 

I samarbeid med Skattekammeret i Spjelkavik låner vi ski og anna vinterutstyr til dei som ikkje har eige utstyr. Du treng derfor ikkje noko anna utstyr enn vinterkle, men ta gjerne med eigne ski m.m. om du har. 

Informasjon om kva du eventuelt treng å låne skriv du i påmeldinga. 

Leiarar for vinterleiren er friluftsstudentar på Høgskulen i Volda og Christer Lundberg Nes i friluftsrådet. 

Program og påmelding - Friluftsrådet