Har du fått deg digital postkasse ?

Har du fått deg digital postkasse ?

Post frå kommunen - rett i di digitale postkasse
For Sykkylven kommune er det viktig å kunne utnytte teknologi for å gi deg så gode tenester som muleg - og til å bruke ressursane så effektivt som muleg. Saksystemet vårt, samt fleire fagsystem, sender no ut alle brev digitalt.

Det er gode nyheiter at fleire tek i bruk digital postkasse. Då kan du ta imot brev direkte frå stat og kommune i denne. Det er enklare for deg, samtidig som kommunen vil spare både miljø, arbeid og porto.

Det er to digitale postkasser å velje mellom:

    Kvifor kan vi ikkje sende vanleg e-post?
    Årsaka til at kommunen må sende post via ei teneste der du loggar deg på, er at vanleg e-post ikkje er sikker nok. Kommunen må vite at den som har teke mot brevet faktisk er du, og vi må sikre oss at  data ikkje kjem på avveie. Det oppnår vi med "SvarUt" som tenesta heiter.  Vi tar også imot post gjennom SvarInn.

    Du kan reservere seg: Privatpersonar har rett til å reservere seg mot digital post.  Førebels er det nok at du ikkje opnar den elektroniske posten din, så får du posten på papir. Du kan også reservere deg på www.norge.no, eller ringe 800 30 300 (Direktoratet for forvaltning og IKT) og få all post frå det offentlege på papir.

    Næringsliv: Firma har ikkje rett til å reservere seg. Alle typar verksemder må difor logge seg inn i Altinn og registrere ei varslingsteneste med mobilnummer og/eller e-postadresse. Kommunen sender beskjed dit når det ligg post i firmaet si digitale postkasse.

    For meir informasjon om digital post frå kommunen - ta kontakt på telefon 90 14 02 82 eller send oss ein e-post postmottak@sykkylven.kommune.no

     

     

     

     

     

    Kontakt

    Synnøve Hunnes
    Einingsleiar
    E-post
    Mobil 901 40 282