Industriareal til salgsSykkylven kommune kunngjer ledig areal innanfor Våtmyr industriområde for sal, gbnr 45/7. Publisert 23.02.2024 18.34 Sist endra 31.05.2024 15.11 Aktuelt utbyggingsareal er omlag 7 da i austre enden av gbnr 45/7. Totalt areal på 45/7 er ca 12 da inkludert veg mm. Eigedomen kan selgast samla eller delt.Det er krav om regulering av eigedomen før utbygging. Eigedomen vert lyst ut for sal til høgstbydande. Sykkylven kommune tek atterhald om å kunne forkaste eventuelle bod dersom ein vurderer bodet å vere for lågt. Kjøpar må pårekne byggefrist på 3 år frå overtaking.Nærare opplysningar om eigedomen finn du her. (PDF, 773 kB)Tilbod kan sendast Sykkylven kommune, postmottak@sykkylven.kommune.no innan 15.april 2024.