Influensavaksine 2024

Det vert influensavaksinering ved Sykkylven kulturhus onsdag 23.oktober kl. 09.00 - 15.30. 

For å bestille tid til influensavaksinering går du inn på c19.no og følg instruksane. Det er mogeleg å bestille tid både for seg sjølv og andre - gjerne hjelp pårørande/andre som treng det og bestill tid i lag. 

Influensa- og koronavaksine

Dei som også ønsker koronavaksine vil få tilbod om det på vaksineringsdagen. Influensa- og koronavaksine kan settast samtidig, og det er ikkje nødvendig å bestille ny time for dette. 

For dei som berre ønsker koronavaksine, vert det drop-in frå kl. 09.30 - 12.00 og frå 13.00 - 15.00. 

Praktisk informasjon

  • Du må vente i 20 minutt etter vaksinen er satt. 
  • Influensavaksine kostar 200 kr. 
  • Koronavaksine er gratis.
  • Vi oppmodar alle til å betale med vipps, men det vil også vere mogleg å betale med bankkort. 

Vi oppmodar alle som kan å ta vaksine 23. oktober, men det vil også vere mogleg å få influensa- og koronavaksine ved Sykkylven legesenter utover hausten. Meir informasjon om dette kjem seinare. 

Bestill time til vaksinering

Desse gruppene bør ta influensavaksine

Barn og vaksne i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg: 

  • 65 år og eldre 
  • Bebuarar på sjukeheim og omsorgsbustadar
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom 
    •  kronisk hjarte- og karsjukdom 
    • kronisk leversvikt 
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade 
    • nedsatt immunforsvar 
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    • anna alvorleg eller kronisk sjukdom 
    • gravide frå 12. svangerskapsveke 
    • prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år.

Desse gruppene bør ta koronavaksine

Ny dose koronavaksine er anbefalt dersom du: 

  • er 65 år eller eldre
  • bur på sjukeheim 
  • er mellom 18-64 år og tilhøyrar ei risikogruppe 
  • eller er gravid 

Med risikogruppe meiner ein personar som har enkelte sjukdommar eller tilstandar som gir auka risiko for å bli alvorleg sjuk av korona. 

Risikogrupper og anbefalingar  

Les meir om risikogrupper og anbefalingar ift. influensa- og koronavaksine på Folkehelseinstituttet sine sider:

FHI - Influensavaksine 

FHI - Koronavaksine

For vaksinasjon av barn og gravide i risikogrupper, ta kontakt med ditt legesenter/helsestasjon.