Inkludering- og mangfaldsprisen 2023

Kjenner du, eller veit du om nokon som i 2023 la ned ein spesiell innsats for å fremme integrering og mangfald i samfunn- og arbeidslivet Møre og Romsdal? 

Då vil Kulturavdelinga – folkehelse, idrett og friluftsliv hos Møre og Romsdal fylkeskommune gjerne høyre frå deg!

Kven kan få prisen? 

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som

  • bur i fylket eller har sterk tilknytting til fylket 
  • har tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for enkeltpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion

Har du eit forslag? 

Meld inn din kandidat med grunngiving i skjemaet på Møre og Romsdal fylkeskommune si heimesida, innan 1.februar. 

Møre og Romsdal fylkeskommune