Invitasjon til ICDP - foreldregruppe Vi ønsker å invitere foreldre til barn i barnehagen til å delta på ICDP-foreldregruppe ved barne- og familietenestene. Foreldregruppene er eit gratis lavterskeltilbod som går over 8 samlingar. Oppstart av ICDP-foreldrekurs er torsdag 9. januar kl. 16-18. Publisert 02.12.2024 12.34 Sist endra 02.12.2024 12.35 Som foreldre har alle mange gleder og naturleg nok også utfordringar. I ein travel kvardag kan det vere lite tid til å tenke over korleis vi er som foreldre og ikkje minst kor viktig vi er for barna våre. Om du ønsker å delta eller har spørsmål, ta kontakt med Marianne 91 75 63 70 eller Nina 90 81 71 09.Frist for påmelding er 31.12.2024.Kva er ICDP-foreldregruppe? Gjennom ICDP foreldregrupper kan du møte andre foreldre og utveksle erfaringar om forholdet til ditt barn. Målsettinga er at den enkelte skal bli trygge foreldre, ved å bli bevisste på kva dei gjer som er bra for barna sine. Du får ingen ferdig oppskrift, men hjelp til å finne eigne løysingar for deg og ditt barn. Samtalane i foreldregruppene tek utgangspunkt i dine og dei andre deltakarane sine erfaringar frå kvardagen. Fokuset er på korleis foreldre oppfatta barnet sitt og korleis ein samspelar i kvardagen. Gjennom arbeid med 8 tema for godt samspel vil du kunne “sjå” og forstå barnet ditt på ein ny måte. Praktisk informasjon om ICDP: Foreldregruppene er eit gratis lavterskeltilbod som alle foreldre kan vere med påGruppene går over 8 samlingar på ca. 1,5 - 2 timar pr. samling. Foreldregruppa er på inntil 8 personar Læringa foregår gjennom ein kombinasjon av samtalar og erfaringsutveksling, oppgåver og refleksjon. Ein vel sjølv kor mykje ein ønsker å dele i gruppa ICDP-foreldregruppe Tidspunkt: Torsdagar kl. 16 - 18 (totalt 8 samlingar).Stad: Haugneset 20, 6230 Sykkylven Oppstart: 09.01.2025Røde Kors i Sykkylven stiller med barnepass kvar torsdag kl. 16 - 18.