Invitasjon til innskriving for nye 1. klassingar 15. februar

Sørestranda skule og Aure barneskule inviterer komande 1. klassingar og deira føresette til innskriving 15. februar kl. 17:00-18:15 på sine respektive skular.

Målet med invitasjonen er at elevar, føresette og lærarar skal bli betre kjent med kvarandre, og at dei komande 1. klassingane får sjå den flotte skulen dei skal gå på. Kontaktlærar og personale frå SFO kjem også på innskrivinga. Skulane vil gi føresette viktig informasjon om skulestart og alt dei måtte lure på knytt til skule-/SFO-kvardagen.

Sjølve innskrivinga skjer digitalt via følgjande lenke (innlogging med ID-porten):

Innmeldingsskjema for 1. skuleår

Sjølv om innskrivinga skjer via nett, er det viktig at elevar og føresette får gjere seg kjende med nærskulen sin og lærarane før sommaren.

Føresette/komande førsteklassingar ved Aure barneskule har oppmøte i Hjerterommet klokka 17.00.

Meir informasjon om innskrivinga ved Sørestranda skule finn du i denne invitasjonen. (PDF, 2 MB)

 

Søknad SFO:

Dei som ønskjer å søkje om plass i SFO kan nytte følgjande lenke: Søknad om SFO-plass

Kontakt

Kjersti Hovet
Rektor/einingsleiar Aure barneskule/SFO
E-post
Mobil 92 02 93 81

Sensitiv informasjon skal ikkje sendast pr. e-post.

Knut Orre
Rektor/einingsleiar Sørestranda skule/SFO
E-post
Mobil 99 52 24 40

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.

Vivian Borgundvåg
SFO-leiar Aure barneskule
E-post
Mobil 98 26 23 52

Sensitive opplysningar skal ikkje sendast pr. e-post.

Rune Haugrønning
SFO-leiar/avdelingsleiar Sørestranda skule
E-post
Mobil 95 92 28 89

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post