IVARETATT? - Ein undersøkelse for deg som er pårørande

Det kan vere manglande samsvar mellom det kommunane meinar er på plass for å ivareta pårørande, og det pårørande sjølv erfarer. 

Sykkylven kommune ønsker å undersøke korleis det står til med pårørandearbeidet i vår kommune. Det er ønskeleg å få inn svar på dette kvart år for å synleggjere utvikling i kommunen sitt arbeid med dette.

IVARETATT? Ei undersøking for deg som er pårørande

Ulik forståelse av korleis ein sikrar at pårørande blir ivaretatt kan gi eit gap mellom det kommunane meiner dei har på plass og er gode på, og det pårørande faktisk opplever som meir eller mindre mangelfullt. 

IVARETATT? er ei pårørandeundersøking om korleis pårørande opplever å bli ivaretatt i dei kommunale helse og omsorgstenestene. Undersøkinga gjennomførast årleg i perioden desember til mars. 

Alle over 18 år som er pårørande til nokon som mottek kommunale helse og omsorgstenester kan svare på undersøkinga.
Avhengig av svara du gir, vil det ta om lag 10 - 20 minutt å gjennomføre undersøkelsen. 

Gå til undersøkinga

Personvern

Dine opplysningar handsamast konfidensielt og i samsvar med regelverket for personvern. 

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete