Julehelsing frå ordføraren

Tida går fort, og årets julefeiringa er rett rundt hjørnet. Sjølv om vi har fått pandemien litt på avstand, kan vi ikkje heilt seie at dette blir ei normal jul.

Vi har framleis krig i Europa, og Norge som nasjon er ikkje uberørt av dette. I tillegg til å hjelpe gjennom NATO, tar vi i imot eit stort antall flyktningar frå det krigsherja Ukraina. Sykkylen har tatt imot mange ukrainarar , og vi skal ta imot fleire også neste år. Sjølv om vi her i kommunen prøver å feire ei så normal jul som mogleg , vil det også vere mange her i bygda som lever i frykt for kva som skjer med vener og familie heime i Ukraina.

Som ordførar vil eg i høve denne julehelsinga løfte fram noko av det viktigaste vi har her i Sykkylven, og det er den enorme innsatsen som blir gjort av dei mange frivillige som brukar ein stor del av fritida si på at andre skal ha det bra, og på at barn og unge skal ha fritidsaktivitetar.

Noko av frivilligheita er godt synleg, som til dømes Lions sitt fantastiske prosjekt Vinterlys. Dette flotte tiltaket vil glede både fastbuande og tilreisande i mange år framover. Andre former for frivillig arbeid er kanskje meir usynleg, men ikkje mindre viktig av den grunn. Eg tenker på alle dei forelder, og andre som etter ein lang arbeidsdag brukar kveld og helg som trenarar og er elles med i støtteapparatet på fotballbana, symjehallen, idrettshallen eller som frivillige leiarar i speidaren eller i 4H for å nemne noko. Ofte er det dei same personane som reiser rundt med ulike lag og organisasjonar også i helgane, og dei bruker ofte det meste av fritida si til frivillig arbeid for lokalsamfunnet.

Sykkylven har eit svært allsidig tilbod til barn og unge, som blir tufta på frivillig innsats . Vi skal alle vere svært takksame for den innsatsen som dei mange eldsjelene legg ned. Det er mellom anna summen av alt frivillig arbeid som gjer sitt til at Sykkylven er ein så fantastisk stad å bu i.

Vi har også mange pensjonistar som gjer ein frivillig innsats for både barn og andre pensjonistar. Mykje av dette går føre seg gjennom Frivilligsentralen og Fønix, som legg ned ein stor og viktig innsats.

Det har vore lokalval i år, og eg fekk kommunestyret sin tillit som ordførar dei neste fire åra. Eg er audmjuk og ser fram til arbeidet med både spenning og som ei stor utfordring . Eg vil takke kommunestyret for tilliten, og for det fantastisk fine debattklimaet vi har her i kommunen . Vi har fått fleire nye og dyktige politikarar inn i kommunestyret, og dei skal vi oppmuntre og løfte fram, slik at dei blir trygge på rolla si.

Når vi no går inn i julehøgtida , så skal vi også tenke på alle dei som står på for å halde hjula i gang. Sykkylven kommune har svært mange tilsette som arbeider i ulike roller i heile jula. Ein stor del av dei arbeider ved ulike institusjonar og bufellesskap, men også andre kommunale funksjonar er bemanna heile julehøgtida. Dette er gjerne tilsette som sjølv har familie, og som dei gjerne skulle feira jula saman med. Eg vil takke dei for denne ekstra innsatsen.

Eg vil ønske alle ei god jul og eit godt nytt år!

Olav Harald Ulstein
ordførar Sykkylven kommune

ordføraren i Sykkylven kommune - Klikk for stort bilete