Karantene i Sykkylven - skuleklasser og barnehage er berørt

På grunn av korona- utbrudd i nabokommune, er 4 personar sett i karantene i Sykkylven.

I tillegg er det etablert  ventekarantene ( borna blir sendt heim) , som ledd i såkalla forsterka TISK (Testing, Isolering, Smittesporing og Karantene)

Tre klasser  i grunnskule (Ullavik skule)  og ein barnehage ( Tryggheim barnehage) er sett i ventekarantene.

 

Ventekarantene  er i utgangspunktet for husstandsmedlemmer til nærkontakter, og til dømes kjærestar til nærkontakter. 

Når det er barn og unge som er nærkontakter, bruker ein ei litt vidare ventekarantene.

Dei som er i ventekarantene, vil kunne gå ut av den dersom nærkontaktene testar negativt.