Kommunebarometeret 2024 - Sykkylven nr. 13 av alle landet sine kommunarSykkylven er nr. 13 av alle landet sine 356 kommunar og nr. 1 i Møre og romsdal. Tala er basert på aktivitet frå 2023.Kommunedirektør Torbjørn Emblem er glad og stolt på vegne av alle tilsette: "Tusen takk for innsats, arbeidsglede og fokus på innbyggjarar/tenestemottakarar gjennom heile 2023.Denne plasseringa på Kommunebarometeret 2024 er ei resultat av alle 650 tilsette sin innsats kvar dag i teneste for Sykkylven kommune" Publisert 19.08.2024 15.53 Sist endra 19.08.2024 15.57 Kommunebarometeret er ei årleg vurering gjort av kommunal rapport: Ei samanligning av landet sine kommuner, basert på til saman 157 nøkkeltall innean 12 ulike sektorar.Hensikta er å gi beslutningstakere ei lettfatteleg og tilgjengeleg oversikt over korleis kommunane driv.Resultatet er ikkje perfekt, men gir ein indikator, mulighet til å stille spørsmål, og ikkje minst lære av dei beste.Talla er i hovudsak henta fra SSB sin Kostra-database, tall for 2023. Det er i tillegg henta statistikk fra kilder som Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Norsk kulturindeks frå Telemarksforsking.Kommunebarometeret (KB) er ei måling som blir publisert av Kommunal Rapport kvart år. Meir informasjon finn du på Kommunal Rapport si nettside.