Kommunebarometeret - Sykkylven kommune klatrar oppover på lista.

Sykkylven kommune vart i år rangert som nr 87 av alle kommunane i landet i den årlege kommunebarometer kåringa. Vi vart rangert som nr 6 i Møre og Romsdal.

Dette betyr at kommunen har klatra opp 27 plassar frå i fjor.
 

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

Målinga blir publisert av Kommunal Rapport kvart år

Barometeret rangerer kommunane etter ulike faktorar, på tvers av 12 ulike sektorar.

Her blir det mellom anna sett på økonomi, attraktivitet og lokal vekstkraft basert på forhold ved blant anna næringsliv og arbeidsmarknad.

Ultein kommune har fleire år på rad hatt gode plasseringar, og er i år på femte plass i landet og høgst i Møre og Romsdal.
Resten av topp fem lista i Møre og Romsdal ser slik ut: Rauma er nummer 20 på lista, etterfølgt av Volda som nummer 23, Ørsta som er nummer 67 og Kristiansund nummer 75.

Sykkylven kommune er neste kommune, og nummer 6 på Møre og Romsdal- lista.

Oppdal kommune kom i år på plass nr 1 i landet.

Les meir om kommunebarometeret her:

Kommunebarometeret - Om Kommune­barometeret (kommunal-rapport.no)