Kommunen minner om utvida bandtvang i Sykkylven

Kommunen har motteke fleire meldingar om lause hunder i den siste tida. Vi minner difor om bandtvangen som gjeld fram til 30. september. 

 

I Sykkylven er det bandtvang som elles i landet i perioden 1.april til 20.august. I perioden 21.august til 30.september gjeld utvida bandtvang grunna beitande bufe i utmarka. Dette for å hindre at hund jagar og/eller angriper bufe. Dei fleste bufe er sanka innan den 30.september.

I einskilde område er det bandtvang heile året. Dette er ved friområda våre på Aursneset, Haugneset og badeplassen på Andestad. Det inkluderer også skuleområde, kyrkjegardar og idrettsanlegg.

Ein syner til lokal forskrift i høve område kor ordinær bandtvang gjeld. Denne ligg vedlagt 

Lokal forskrift

Hundelova