Kulturpris 2022 går til Lars Per Longva

Lars Per Longva er for det breie lag av folket,  kanskje mest kjend som lærar og kulturberar i skuleverket i Sykkylven, gjennom fleire tiår. Han er også svært godt kjent i andre miljø. 

Lars Per Longva er ein kulturberar av det sjeldne slaget. Med sin unike kombinasjon av praktiske og intellektuelle evner bidreg han til å halde ved like interessa for og kunnskapen om levekåra langs kysten, til glede for si eiga samtid, men også for dei som kjem etter oss.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Kulturprisvinner Lars Longva og ordførar Odd Jostein Drotninghaug Torill Skjeret

Frå statuttane til kulturprisen i Sykkylven kommune heiter det:

"Prisen kan delast ut ein gong kvart år til einskildperson (ar) , lag eller organisasjonar i Sykkylven som har markert seg med arbeid for å fremje det lokale kulturlivet. Med kulturprisen vil ein kunne heidre personar eller lag som har synt ein særskild innsats for kulturlivet gjennom ei årrekkje eller som har gjort ein særleg fortenestefull innsats på eit avgrensa felt i ein kortare periode eller ved eit særskild høve"

Lars Longva har i tiår vore ein primus motor i kystkulturmiljøet i Sykkylven og på Sunnmøre. Innsatsen hans kan ikkje overvurderast. Som ei drivande kraft i kystkulturlaget «Spleiselaget» har han sytt for å finne, systematisere og halde ved like praktisk og teoretisk kunnskap om lokal kyst- og båtkultur. Han er ein av svært få ekspertar på den gamle sunnmørsbåten (snidbetningen). Longva har også vore eit avgjerande bindeledd mellom Spleiselaget og båtbyggarmiljøet i Bjørkedalen med den legendariske båtbyggarnestoren Saxe Bjørkedal i spissen. Som sjølvskriven redaktør for og den viktigaste bidragasytaren til det årvisse lagsbladet «Syft og Skaut»,  som no er inne i sin 33. årgang, har han bidrege på ein avgjerande måte til den kanskje viktigaste samtidskjelda for norsk kystkultur. Bladet går ut til ei mengd interesserte abonnentar og bibliotek, samt Nasjonalbiblioteket.

Lars har mellom anna lagt ned mykje arbeid i kartlegging og restaurering og vøling av gamle båtar. Han er kanskje den som kan mest om dei gamle sunnmørsbåtane og betydninga dei hadde for fiskerikulturen og levemåten langs kysten av Nordvestlandet.

Etter at han vart pensjonist, var han i fleire år primus motor i eit formidlingsprosjektet "Kystkulturveka," der Spleiselaget gav elevar ved Sykkylven ungdomsskule eit teoretisk og ikkje minst praktisk innblikk i den gamle kystkulturen. Med Ramstad kai som base, fekk dei unge prøve alt frå roing av færing via fisking til repslaging og spleising av tau. Ein annleis skulekvardag som vakte stor entusiasme hos elevane.

Spleiselaget har elles opp gjennom åra hatt mange  prosjekt, oftast etter Lars sine idéar. Nemnast kan sildefiske, kveitelineproduksjon, torvstikking, vossakvanndyrking, tjørebreiing av båtar og strikking av sjøvottar. Noko som også kom på NRK TV.

Nemnast må òg interessa han  har for «Schmidt-husa» og historia til Heinrich Schmidt i Sykkylven, Ålesund og elles på Sunnmøre. Gjennom eiga forsking og talrike foredrag har han kasta eit grundig lys på denne tyske entreprenøren som sette så mange synlege spor etter seg i Sykkylven og på Sunnmøre.

Lars er elles drivkrafta bak forskinga på fjordsildforekomstane i Sykkylvsfjorden. Her har han kontakt med Havforskinga i Bergen. Det blir no sett på som bevist at norske fjordar kan ha sine eigne lokale sildestammer. Dette kan vere med på å hindre at fiskebåtar får lov til å kome med sine effektive fiskemetodar og tøme fjordane for den lokale silda. Lokale fiskarar (t.d. i Austefjorden og Dalsfjorden) set stor pris på det arbeidet Lars har gjort på dette feltet. Kvar haust vert det fiska etter silda i fjorden. Lars tek rognprøver og legg i formalin og sender dette til Havforskinga. I tillegg sender han rundt 100 heile sild til Bergen.

Lars Per Longva, født 15.februar 1951.

Prisen er eit DIPLOM og eit gåvekort på kr. 15.000

Juryen består av Ole Kjell Eidem, Hallstein Kurseth, Emte Aure