Kunngjering av førehandsstemming

Måndag 11. september er det kommune- og fylkestingsval. 

Du kan førehandsstemme frå 10. august til og med 8. september.

Også ved dette valet rår vi til at alle som kan og ønsker det bruker muligheita til å førehandsstemme. Det vil lette trykket på vallokala på valdagen, og du kan unngå kø. 

På desse stadane førehandsstemmer du

Sykkylven bibliotek

Mandag, onsdag og fredag: kl. 10.00 - 16.00
Tysdag: 12.00 - 16.00
Torsdag: 12.00 - 19.00

Laurdag 2. september: 10.00 - 15.00

Sykkylven bibliotek 

Servicetorget

Alle kvardagar kl. 08.00 - 15.00

Servicetorget 

BUAS

Tysdag 29.08 er det satt opp førehandsstemming for bebuarar på BUAS, kl. 11.00 - 13.00

BUAS 

Legitimasjon og valkort

Du ta med legitimasjon med bilete. 

Viss du har fått tilsendt valkort, bør du laste det ned på telefonen og ta med dette. Det er ikkje eit krav om å vise valkort.