Mindre endring av Kommunedelplan for Sentrum-Ikornnes - Vik og Aure skule - frå offentleg formål til bustad og friområde

Kommunestyret vedtok i sak PS-52/23 å starte prosessen med å endre arealbruk på områda for Vik skule og Aure skule.

Kommunen ønskjer å gjennomføre ei endring av kommunedelplanen for desse områda Vik skule og Aure skule gjennom ein mindre endring, jf. plan- og bygningsloven § 11-17. Endringane vil då vere for desse områda og er ikkje ein revisjon av heile kommunedelplanen. Endringa vil vere frå offentleg og privat tenesteyting til bustad og friområde.

Har du innspel eller meining om den planlagde endringa av kommunedelplan for sentrum-Ikornnes, send til Sykkylven kommune, Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven, eller e-post: postmottak@sykkylven.kommune.no.

Merknadsfrist er 18.08.2023. Merk oversendinga med saksnummer 2023/1178.

Dokument er tilgjengeleg på kommunen si heimeside under «Høyringar».

Kommunen er også open for innspel til ein alternativ arealbruk enn bustad om nokon har gode idear.

Kontakt

Arild Sunde Rinnan
Arealplanleggar
E-post
Mobil 94 78 46 89

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post