Mindre endring av kommunedelplan for Straumgjerde og oppheving av "Reguleringsendring for Straumgjerde (Barnehagetomt)"

Kommunestyret vedtok i sak PS-52/23 å starte prosessen med å endre arealbruk på området for Tandstad barnehage.

Kommunen vil gjennomføre ei endring av kommunedelplanen for området gjennom ein mindre endring, jf. plan- og bygningsloven § 11-17. Endringane og prosessen vil då vere isolert for dette området og er ikkje ein revisjon av resten av kommunedelplanen. Endringa vil vere frå offenteleg og privat tenesteyting til bustadformål.

Samstundes vil kommunen oppheve gjeldande reguleringsplan frå 1979 for området slik at opphavleg reguleringsplan frå 1977 igjen blir gjeldande, jf. plan- og bygningsloven § 12-14.

Har du innspel eller meining om planlagt endring av kommunedelplanen eller oppheving av "reguleringsplanen for Straumgjerde (barnehagetomta"), send til Sykkylven kommune, Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven, eller e-post: postmottak@sykkylven.kommune.no.

Merknadsfrist er 18.08.2023. Merk oversendinga med saksnummer 2023/1195.

Dokument er tilgjengeleg på kommunen si heimeside under «Høyringar».

Kontakt

Arild Sunde Rinnan
Arealplanleggar
E-post
Mobil 94 78 46 89

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post