Mjølkeprosjekt for Sunnmøre - Oppstartsmøte

Tine inviterer til oppstartsmøte i Sunnmørsprojsektet, tysdag 1. november, kl. 12-15.30 på Storfjord kulturhus (Øyna 1, Stranda). Målgruppe for møtet er alle som eig/leiger kvote, både aktive og passive, og dei som vurderer å starte opp med mjølkeproduksjon. 

Illustrasjonsbilete, Mjølkeku Mandy Häger

 

«Mjølkeprosjekt for Sunnmøre» har som mål å styrke mjølkeproduksjonen i området. I forbindelse med prosjektet får alle produsentar tilbod om eit strategibesøk for å starte prosessen med å ta aktive val for framtida. Prosjektet er eit samarbeid mellom TINE Rådgiving, produsentlaga og kommunane, finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og TINE.

Program: 

  • Velkommen
  • «Landbruket i området i eit berekraftperspektiv» ved Ordførar i Stranda kommune Jan Ove Tryggestad
  • «Vi treng flest mogeleg mjølkeprodusentar med vidare!» ved assisterande landbruksdirektør Brit Kari Eidseflot Hauger, Statsforvaltaren
  • Lunsj
  • «Erfaringar frå ein bonde» ved Anders Hjellbakk, 46 år gammal, bygde nytt fjøs for mjølkeku med fullt påsett i 2019, i Hornindal.
  • «Status og vidare plan for prosjektet» ved prosjektleiar Marte Alnes
  • Spørsmål/diskusjon

Grunna matservering er det fint om du melder deg på med SMS til Marte Alnes tlf. 93459114, innan 27.10.

For meir informasjon sjå møteinvitasjonen nedanfor: 

Møteinvitasjon til Sunnmørsprosjektet (PDF, 189 kB)

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post