Ny park ved biblioteket

Sykkylven sentrum får seg no ein ny park! Namnet er ikkje heilt i boks enno, men både Plommehaugen og Bibliotekparken har vore nemnd, men dette må avklarast innan opninga neste år. I alle fall så har Formannskapet godkjent dei reviderte planane og gitt løyve til opparbeiding innanfor ei kostnadsramme på 4,5 millionar.

Arbeidet skal etter planen starte umiddelbart etter ferien, og grunn- og terrengarbeid er venta å vare i 5 veker, og deretter er det planlagt 3 månader med gartnararbeid – det vil i praksis seie fram mot jul.

Det betyr naturlegvis at ein del av gartnararbeidet, t.d. såing av plen og ein del utplanting, ikkje kan gjerast før våren 2024. Men kantstein, belegningsstein, scene og amfi kan ferdigstillast i haust. Det same gjeld parkeringsområdet på nordsida mot Kyrkjeparken og busstoppet.

Dette kjem til å bli eit flott område og bør verte eit skikkeleg aktivum i sentrum og den aktiviteten som knyter seg til biblioteket, frivilligsentralen og Skaparlinken.

bibliotekpark med benk - Klikk for stort bilete

Amfiet skal byggast i nordre del av parken og skal kunne fungere som publikumsplass for det som foregår på scena. 

 

 

 

 

 

bibliotekpark scene - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

bibliotekpark - Klikk for stort bilete

Byggekonstruksjonen som blir plassert på langveggen mot vest utanfor biblioteket skal fungere som scene, sittekant og opphaldsmulighet - naturlegvis med rampe for universell tilkomst. 

Kontakt

Oddmund Grebstad
Bygnings-/brannsjef
E-post
Mobil 90 92 81 40

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post