Oppdatering ekstremveret "Ingunn" i Sykkylven

Kriseleiinga har hatt møte i dag kl 1000 og vi er budd  på ulike hendingar. Statsforvalter har ny oppdatering med alle kommunar kl 1400 og vi kjem med oppdatert informasjon omlag kl 1600.  Utover dette har vi ikkje noko nytt å meddele pr no.

Er du pårørande, har du ein nabo, eller kjenner du nokon som treng omsorg eller tilsyn så ber vi deg tenke over om du kan bidra med noko.

Ved behov for legehjelp og akutt bistand ta kontakt med legevakt 70 25 50 50.

På bakgrunn av ekstermveret må Heimetenestene utføre berre dei mest nødvendige oppdrag i høve ein normalsituasjon. Heimetenestene har kontakt med sine brukarar.  Vakttelefon Heimetenestene 91 61 43 46. 

Andre vakttelefonar 

Oppdaterte meldingar frå meteorologisk institutt finn du her.

Yr.no