Oppdatering ekstremveret "Ingunn" kl 1600

Ordinær drift frå og med i morgon,  torsdag 01. februar

Det blir ordinær drift av skule/SFO/barnehage/kulturskule og anna aktivitet frå og med i morgon,  torsdag 01. februar. Skuleskyss går som normalt.

Veret er fortsatt krevjande og vi ber innbyggarane vere varsame videre i kveld og dei neste dagane.

Det kan fortsatt skje hendingar som t.d. stenging av vegar, mykje nedbør og tre som velter. 

Vi opprettheld beredskapen og følgjer utviklinga nøye utover kvelden, natta og dei neste dagane.

Er du pårørande, har du ein nabo, eller kjenner du nokon som treng omsorg eller tilsyn så ber vi deg tenke over om du kan bidra med noko.

Ved behov for legehjelp og akutt bistand ta kontakt med legevakt 70 25 50 50 / 116 117

Vakttelefonar

Oppdaterte meldingar frå meteorologisk institutt finn du her.

Yr.no