Pressemelding om varslingstest - Åknes/Tafjord Beredskap

Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending. 

Melding frå ÅTB om varslingstest

ÅTB skal no teste nytt styringssystem i Sykkylven. Dette gjeld to tyfonar i Sykkylven, småbåthamna og på Vik. 

Testinga skjer torsdag 14. desember mellom kl. 11.00 og 14.00. 

Ein vil her kunne høyre lydsignal frå tyfon, samt talemeldingar. Telefonar vert ikkje varsla, kun tyfonar. Dette er kun ein test på nytt teknisk opplegg for signal til tyfon. 

Vi oppmodar til å informere barna om denne testen på førehand. 

Kommunane rundt Strofjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggarane har forståing for dette. 

ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring i bevegelsane i fjella, og at geologane vil kunne varsle i godt tid før eit eventuelt ras blir utløyst. 

Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS på tlf: 485 03 988, eller e-post: post@aknes.no