Pressemelding

Sykkylven kommunestyre vedtok på møtet mandag 14.12.20 å seie ja til ein avtale med eigarane av Krikane barnehage AS om å overta den private barnehagen i Sykkylven. Dei tilsette i Krikane barnehage AS vil få tilbod om tilsetting i Sykkylven kommune. Når prosessen med å overføre dei tilsette frå Krikane barnehage til kommunen er gjennomført, vil overdraginga av barnehagen kunne skje – etter planen i løpet av første tertial 2021.

For Sykkylven kommune er dette eit ledd i å tilby eit tilpassa og godt barnehagetilbod til kommunen sine innbyggarar, og det å få hand om ein større sentrumsbarnehage er eit strategisk oppkjøp frå kommunen si side.

 

Odd Jostein Drotninghaug

ordførar

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon


Logo Sykkylven kommune