Råd til alle som skal på juleferie

Ein etterlengta juleferie står for døra. Vi gler oss til å treffe slekt og venner. Det er viktig å kunne gjenomføre dette på ein  trygg smittevernmessig måte. Vi har difor utarbeidd nokre råd som kan hjelpe til med at juleferien både kan verte den høgtida og samlinga vi ønskjer, og at det vert trygt smittervernmessig.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
  1. Siste veka før du reiser på juleferie sjå til at du har så få kontakter med andre som råd er.
  2. Pass på godt smittevern når du reiser.
  3. Vi rår til at du tek ein test ved teststasjonen vår med det same du kjem heim. Bestill gjerne på førehand.
  4. Dei 2-3 første dagane etter du kjem heim, i alle tilfelle til du har svar på ein test, så har du kontakt berre med di næraste famile der du bur. Besteforeldre og venner får vente på deg desse dagane.
  5. Pass på avstand, handhygiene, og kvarandre, og ver frisk når du går i selskap!

Helsing frå

kommuneoverlegane på Sunnmøre."

 

Jul TSkj.