Sjukmelding er ikkje alltid naudsynt ved koronainfeksjon

Smittetala i Sykkylven stig no som venta grunna "Omikronbølgja" og ein forventar ei vidare kraftig auke dei neste vekene.

Legesenteret merkar allereie no stor pågang frå personar som har testa positivt på korona, og som ber om sjukmelding frå lege.

Fastlegen.no   

Blir ein smitta av Covid må ein først vurdere om det er mogleg å arbeide heimanfrå. Ein har då ikkje rett på sjukepengar og skal ikkje ha sjukmelding.

Kan ein ikkje arbeide heimanfrå skal ein først nytte eigenmelding.

Arbeidsgjevar kan i dialog med arbeidstakar akseptere utvida eigenmeldingsperiode i isolasjonstida (seks dagar).

Ein oppmodar om at arbeidstakar og arbeidsgivar finn gode løysingar i den tida vi gjeng i møte.

Kommuneoverlegen