Skaparglede i Sykkylven

Har du ambisjonar om å skape noko nytt? Tankar om å vidareutvikle bedrifta? Eller kanskje starte eiga bedrift? Ta gjerne kontakt med den flotte gjengen i SkaparLINKEN for hjelp og rettleiing til vegen vidare.

Lokalt næringsliv er avhengig av at kommunen ein driv i er ein god stad å bu og ein god stad å besøke. Ein god stad å bu og besøke er igjen avhengig av eit næringsliv med spanande og attraktive arbeidsplassar. Kommunen er opptatt av at næringslivet skal få drive den utviklinga dei treng, og eit tiltak for å bidra til dette er å støtte utviklingsprosjekt i både nytt og eksisterande næringsliv. 

Sykkylven Næringsutvikling(SNU) er kommunen si næringsavdeling. SNU og Omstillingsprogrammet samarbeidar tett og er samlokalisert i SkaparLINKEN.

Hoppid.no

er ei støtte gitt i tidleg fase. Dette er eit lavterskel tilbod til dei som har planar om, eller ønsker, å starte si eiga bedrift. Desse midlane skal gi ei avklaring eller starthjelp til å gjennomføre enkle, men avgjerande aktivitetar for vidare satsing. Ein kan få inntil kr. 30.000 i støtte.

Midlane kan blant anna gå til bedriftsrådgivning, marknadsundersøkingar, forretningsutvikling, testing av produkt m.a. Det kan ikkje giast støtte til fysiske investeringar. 

Vi har i overkant av kr. 200.000 i hoppid.no midlar. I mai i år fekk vi tildelt om lag kr. 180.000 frå fylkeskommunen. Aktiviteten er god; 2 søknadar er ferdig behandla og utbetalt i år, medan 7 personar har registrert case i hoppid plattforma, og desse er aktuelle for utbetaling av midlar i løpet av 2023.

Desse har fått tildelt midlar hittil i år

Desse har fått tildelt midlar hittil i år
Namn Beløp
Sandra Aamodt kr. 30.000
Sigurd Johan Saure kr. 30.000

Kommunalt næringsfond

Næringsfondet i Sykkylven er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Sykkylven kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder. 

Vi har fortsatt kr. 700.000 å dele ut til utviklingsprosjekt hos lokale bedrifter. Meir informasjon om Næringsfondet og søknadskriterier finn du på skaparglede.no

Tildelingar frå Næringsfondet 2023

Tildelingar frå Næringsfondet 2023
Søkar Prosjekt Tildelt beløp
Ekornes AS AIV-transport kr. 150.000
Brennevinsgrova AS Investering i ny tappelinje kr. 150.000
Dynoform AS Markedsanalyse og posisjoneringsstrategi kr. 87.000
DIS Kaffebar AS Strategi/Profil/merkevare/kommunikasjon/kompetanseheving/rådgivning kr. 150.000
Smått & Stort AS Forretningsutvikling, profil og web kr. 70.000
Sum totalt: kr. 607.000

Omstillingsprogrammet

Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønske å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane. Kravet er at tiltaket de ønsker å utvikle fell inn under omstillingsprogrammet i Sykkylven sine fire innsatsområder: 

  1. Skaparglede i næringslivet
  2. Opplevingsnæringar
  3. Samarbeid og nettverk
  4. Attraktive Sykkylven

Her er det framleis rom for mange spanande prosjekt i 2023 med ei ubrukt ramme på rundt 1.mill. Nettverk av bedrifter kan også søke prosjektmidlar i lag. Ein kan lese meir om kriteria på skaparglede.no, og ta gjerne kontakt.

Innvilga søknadar pr. 03.07.2023

Innvilga søknadar pr. 03.07.2023
Søkar Prosjektnamn Type prosjekt Kostnadsoverslag prosjekt Søknadsbeløp Innvilga
Tormodgarden Tormodgarden Forprosjekt kr. 300.000 kr. 150.000 kr. 150.000
Marconnect MarSurvive Forstudie kr. 80.000 kr. 40.000 kr. 40.000
Næringsfabrikken Nfab Forprosjekt kr. 480.000 kr. 240.000 kr. 240.000
Sykkylven Næringsutvikling Forprosjekt Digital kommunikasjon - eit samarbeid mellom Sykkylven Næringsutvikling, Droneakademiet, Sykkylven Industri- og Næringslag og Sykkylven Handelsforening Forprosjekt kr. 650.000 kr. 400.000 kr. 400.000
Sykkylven Næringsutvikling Prosjektplan infotavler og skilt Forstudie kr. 200.000 kr. 100.000 kr. 100.000
PC Support LEAN i PC Support Forprosjekt kr. 498.220 kr. 249.110 kr. 112.305
3D Knitting Kartlegging av nytt forretningsområde for 3D-Knitting & Technology Forprosjekt kr. 402.000 kr. 150.000 kr. 150.000
Sykkylven Industri- og Næringslag Nettverksutvikling og digital synlighet SINL Forprosjekt kr. 305.000 kr. 150.000 kr. 150.000
Sykkylven Siderlag Siderlag Forstudie kr. 323.500 kr. 161.750 kr. 161.750
Sykkylven Næringsutvikling Infotavler og skilt Forprosjekt kr. 176.000 kr. 88.000 kr. 88.000
Skohjørnet Prosjektering Skohjørnet Forprosjekt kr. 180.000 kr. 90.000 kr. 90.000
Sykkylven Industri- og Næringslag Teknologifestivalen Forprosjekt kr. 600.000 kr. 70.000 kr. 70.000
Totalt kr. 4.194.720 kr. 1.888.860 kr. 1.752.055

Kontakt

Lill Therese Aurdal Fure
Prosjektleiar
E-post
Mobil 96 01 24 10

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Lise Haukeberg
Programleiar
E-post
Mobil 98 88 22 92

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Åsne Folstad
Dagleg leiar
E-post
Mobil 92 45 58 52

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post