Søk tilskot frå Kontantkassa

Sykkylven kommune har etablert ei tilskotsordning kalla "kontantkassa". Kontantkassa er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal idrettskrets, GjensidigeStiftelsen og Sykkylven kommune. 

Kontantkassa er ei støtteordning der føremålet er at barn og unge skal få moglegheit til å delta i ein fritidsaktivitet.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Kva er tilskot frå kontantkassa?

Kontantkassa er ei støtteordning der du kan søkje om tilskot på ein enkel og ubyråkratisk måte. Tilskotet skal bidra til at alle barn og unge mellom 6-18 år kan delta i ein fritidsaktivitet uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon.

Desse kan søke tilskot frå kontantkassa:

  • Laget/foreninga, som for eksempel idrettslaget, korpset, lokallaget, kulturskulen og andre
  • Tilsette i kommunen, som for eksempel helsesjukepleiar, miljøterapeut, barneverntenesta og andre

Merk at barnet eller familien ikkje kan søke sjølv.

Kor mykje kan ein få i tilskot?

Ein kan søkje om tilskot for inntil 2500,- pr. person i året. Det betyr at ein kan søkje fleire gongar gjennom året for kvar person.

Krav til søker

Søkjaren må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå kontantkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande. Kontantkassa skal ikkje vere eit handslag til lag og foreiningar som har utfordringar med å inndrive kontingentar. 

Den som søkjer har ansvar for å følgje opp at barnet/ungdommen deltek i aktiviteten det er søkt tilskot til. I dette ligg det å informere involverte lag om at det er søkt, ikkje at den vaksne må følgje barnet på aktivitetane.

Kva kan du søke om tilskot frå kontantkassa til?

Det vert gitt tilskot til:

  • Kontingent/semesteravgift
  • Turneringar/cup
  • Leir
  • Lommepengar
  • Utstyr for deltaking i fritidsaktivitetar

Slik søkjer du tilskot frå kontantkassa

Søknadsskjema

Søkjar må oppgi namnet på barnet og føresette. Søknader vert behandla fortløpande (ingen søknadsfrist) og midlar vert fordelt til kassa er tom.