– Engasjementet rundt Stikk UT! er enormt. Vi tilrettelegg for god folkehelse i samarbeid med dei 28 deltakarkommunane våre, lag og organisasjonar, grunneigarar og lokale eldsjeler. Gode møte mellom menneske og natur fremmar livskvalitet og vi er superglade for å tilby så mange fine turmål der heile 187 er trillevennlege, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.
I årets kartbrosjyre, som i desse dager kjem i postkassene til alle innbyggarane i Møre og Romsdal, inviterer friluftsråda alle med ut på tur.
– Vi håpar alle kan finne sine turperler. Det er flott å ta Stikk UT!-turar der ein bur, men oppfordringa er også å kunne oppdage nokre nye turmål i løpet av sesongen, seier Ellingsæter.
Registrering i app
Utviklinga viser at ca 95 prosent no registrerer turane sine i Stikk UT!-appen, og ikkje på stikkut.no. Frå og med i år vil ein berre kunne registrere turar i appen.
– Valet måtte kome før eller seinare, og det vart naturleg å endre dette i år når turappen blir oppdatert i samband med etableringa av Stikk UT! Norge. Vi håpar dette ikkje fører til vesentlege problem med å registrere, seier Ellingsæter som gjerne hjelper dersom det byr på problem for nokon.
Nettsida stikkut.no blir også ny, med litt annan funksjonalitet enn tidlegare.
Stikk UT!- turmål i Sykkylven
Stikk UT! har turar for dei aller fleste. Turane går til etablerte turmål og har fargekode som fortell mykje om vanskelegheitsgrada. Grønne turar passar for dei fleste. Lette, korte turar med moderat stigning. Blå turar for dei med litt turerfaring. Raude turar for den erfarne turgåar med god uthaldenheit.
Nedanfor ser du alle Stikk UT!-turmål, med fargekode, i Sykkylven kommune.
- Aurenakken frå Vikedalen (blå)
- Borgundkollen frå Heiane (blå)
- Fagrefjellet (grønn)
- Fausateighornet (blå)
- Gullmorvatnet, Brunstad (raud)
- Hovdeåsen i Hundeidvik (grønn)
- Koppen i Velledalen (blå)
- Langfjella (raud)
- Lisjesanden brygge ved Fetvatnet (grønn)
- Oddane på Aursneset (grønn)
- Sandvikhornet frå Hjellane (raud)
- Stavekollen på Ikornnes (blå)
- Sæssvatnet, Ikornnes (grønn)
- Vassætra (blå)
- Vellesætra, Brunstad (grønn)
Oversikt over alle Stikk UT!-turmål for Møre og Romsdal og Heim i Trøndelag 2024 (PDF, 116 kB)
Friluftsråd og kontaktpersonar frå kommunar som arbeider med gjennomføring av Stikk UT!
Sunnmøre friluftsråd
Framme f.v. Torill Morsund Huse (Ålesund kommune), Mathilde Solbakken (Ålesund kommune), Martha Longva Strandbakken (Volda kommune), Tove Sperre (Sykkylven kommune), Kai Oskar Eidsvik (Ålesund kommune), Hilde Ellingsæter (Sunnmøre friluftsråd), Ragnhild Stadheim (Stranda kommune), Gudrun Wangsmo (Sykkylven kommune), Emilie Glas (Ålesund kommune), og Randi Irene Helgøy (Vanylven kommune).
Bak f.v. Anne Berit Støyva Emblem (Sunnmøre friluftsråd), Ingunn Krosby (Sula kommune), Trond Otto Berg (Vestnes kommune) og Liv Synnøve Hoel (Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal)