Storfjordsambandet ønsker medverking frå lokalbefolkning og næringsliv

Norconsult og Pure Logic er godt i gong med ei konseptvalutgreiing (KVU) for Storfjordsambandet. 

Storfjordsambandet har no oppretta ei nettside der ein kan kommentere innhaldet i rapporten så langt, og ynskjer no spesielt innspel til kapitla 5. strategiske mål og 6. mål og krav for prosjektet.

Rapporten er så langt skriven ferdig til situasjonsbeskriving, og dessutan problem- og behovsanalyse (kapittel 1-4). Arbeidet med strategiske mål og krav er i sluttfasen etter at utkast til strategiske mål vart drøfta i opne arbeidsmøte i Stranda og i Ålesund i slutten av mai 2023 (kapittel 5-6).

I kommentarfelta i medverkingsportalen kan du bidra med innspel til KVU-prosessen. Innspel frå naboar, publikum og næringsliv i kommunane skal gi eit solid fundament for vidare analyse og evaluering av alternative konsepta i dei påfølgande kapitla av KVUen.

Storfjordsambandet - gi dine innspel

KVU-prosessen er ganske overordna, og legg vekt på vurderingar på samfunnsnivå. Innspel på individnivå og tilpassingar knytt til enkelteigedommar kan bli meir aktuelt i seinare fasar etter KVUen, som til dømes under arbeid med kommunale reguleringsplanar.

Alle forslag blir lesne, og signerer du med namn og e-post vil Storfjordsambandet kunne svare deg viss du har konkrete spørsmål til grunnlaget.

Storfjordsambandet kan dessverre ikkje love at alle får svar viss det blir mange innspel, men vil ta inn og oppdatere alt som er relevant og som høyrer heime i eit KVU-grunnlag.

Sjå gjerne regjeringa sine veiledarar for konseptvalutgreiingar

Illustrasjon - Klikk for stort bileteStorfjordsambandet Illustrasjon