Sykkylven opphever lokale karantenekrav, oppmoder samstundes om å unngå reiser mest mogleg - også i påska

Frå 16.3 har Sykkylven hatt lokale karantenekrav for reisande som kjem frå 8 definerte fylke.  Frå og med 31. mars opphever kommunen desse vedtaka.  Samstundes er det viktig å følge nasjonale råd om å unngå reiser som strengt tatt ikkje er nødvendige.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Dette betyr at om du har kome frå eitt av desse 8 fylka i løpet av dei siste 14 dagane, kan du no dermed avbryte karantenen, sålenge du er heilt frisk.

Bakgrunn for det lokale vedtaket

Dei lokale karantenebestemmelsane vart innført 16.mars for å forsinke spreiinga av koronaviruset til Sykkylven. No vel Sykkylven å oppheve det lokale vedtaket, i tråd med råda frå Folkehelseinstituttet.  Dermed er det dei nasjonale bestemmelsane du skal forhalde deg til.

Unngå reiser - også i påsken

Vi minner om viktigheita med å følge dei nasjonale råda. Unngå å utsette deg sjølv for smitte, og unngå å utsette personar i risikogruppene for smittefare.

Minner også om nye råd om å halde avstand

  • når vi er ute bør vi ikkje vere meir enn fem personar i ei gruppe. Dette gjeld ikkje dei som er i same familie/husstand.
  • Når vi er innandørs på arbeidsplassen, eller annan stad, bør vi ha minst 2 meters avstand frå kvarandre. Dette gjeld ikkje når vi er innandørs med famlilie eller personar i same husstand.

Følg også hygieneråda som gjeld til ei kvar tid.

Gjeldande karantenekrav

Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon (t.d. hoste, feber, tung pust) skal du halde deg heime til ein dag etter at du har blitt frisk. Det er også eigne karantenereglar for personar som kjem reisande frå utlandet  og også dei som har vore i nærkontakt med nokon som er smitta.