Tenk trafikktryggleik i lokalmiljøet - Klipp hekk og buskar!

Du kan vere med på dugnad for å unngå ulukker i ditt nærområde! 

Små born på skulevegen blir lett usyneleg bak store hekkar og busker. Det kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Har du eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for at det er fri sikt ved di avkøyrsle. 

barn på sykkel - Klikk for stort bilete

 

God sikt er ein føresetnad for at du skal få auge på gåande og syklande som kryssar avkøyrsla di. 

Ei temaanalyse av sykkelulukker synte at dårleg sikt var ein medverkande faktor i over 30% av dødsulukkene på sykkel. 

  

 

Slik syter du for fri sikt i avkøyrsla di 

 

illustrasjon av eit veikryss - Klikk for stort bilete Statens vegvesen

 

 

  • Dersom avkøyrsla di kryssar gang- og sykkelveg må høgde på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. 
  • Det må vere 3 meter fri sikt inn i avkøyrsla. Det betyr at når du står 3 meter inn i avkøyrsla di skal du kunne sjå midten av gang- og sykkelvegen 30 meter til kvar side. 
  • Klipp enten hekken din slik at den held seg under 0,5 meter (alternativ 1), eller flytt gjerde og/eller hekk utanfor frisiktsona merka med rosa (alternativ 2) 
  • Merk at frisiktsona bør utvidast ut over 30 meter dersom gang- og sykkelvegen hellar og syklistane held høg fart.

Kommunen vil kunne foreta motorisert klipp der det vert nødvendig.

Har du spørsmål eller ønske du å melde frå om uakseptable tilhøve, ta kontakt med kommunen på e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no 

Trafikktrygginsgruppa i Sykkylven kommune