Tilsetting av ny kommunalsjef samfunnOdd Jostein Drotninghaug er tilsett som ny kommunalsjef samfunn i Sykkylven kommune. Publisert 22.03.2024 14.25 Sist endra 22.03.2024 14.25 Han startar i stillinga før sommaren. Drotninghaug har fleire års erfaring som leiar ved møbelprodusenten Hjellegjerde Møbler fram til 2010 og etter det som rådgjevar i NAV. Dei siste åtte åra har han vore ordførar i Sykkylven kommune og har gjennom desse åra opparbeidd seg god kjennskap til administrasjonen i Sykkylven kommune.Drotninghaug si tilbakemelding er at han er veldig glad for å få denne jobben, med eit veldig spennande arbeidsområde. Han ser spesielt fram til å jobbe saman med mange dyktige folk, og at ein saman skal fortsette å gi gode tenester til innbyggarane framover. “I tett samarbeid med tilsette, politikarar og innbyggarar vert det veldig kjekt å kunne vere med å bidra til å utvikle Sykkylven vidare”. Vi ønsker Odd Jostein Drotninghaug velkommen til Sykkylven kommune.