Trafikksikker kommune

Sykkylven har, som første kommune i Møre og Romsdal, fått godkjenning av Trygg trafikk som trafikksikker kommune. 

Trygg trafikk arbeidar for å oppnå best mogleg trafikksikkerheit for alle. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Kristin Sørheim, leiar for samferdselsutvalet sa følgjande om arbeidet kommunen har gjort: 

Kommunen har arbeida målretta dei siste åra og vist eit fantastisk engasjement. Trafikksikker kommune er eit godt verktøy for å bidra til nullvisjonsmålet. Det er mange trafikktryggingstiltak som kostar pengar, men det er også mykje som ikkje kostar pengar og som er like viktig: Forsvarleg fart, nulltoleranse for ruskøyring, bruk av refleks og større aktsemd i trafikken. Sykkylven blir no ein føregangskommune i trafikktryggingsarbeidet.

Du kan lese meir her

Bilete er henta frå heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune  

 

 

 

 

 

 

Konseptet «Trafikksikker kommune» er utarbeidd av Trygg Trafikk og nokre utvalde fylkeskommunar. For å få godkjenning, må kommunen arbeide på ein målretta, systematisk og heilskapleg måte med trafikktryggleik. 

Visjonen er ingen drepne eller hardt skadde i trafikken. 

Beviset på at kommunen no arbeider målretta og systematisk med trafikktryggleik vart motteke 27. august, men dette er berre starten. Kommunen har ambisjon om å vere «Trafikksikker kommune» i mange år framover. Det skjer ei re-godkjenning kvart tredje år der Trygg Trafikk vurderer om arbeidet i kommunen er følgt godt nok opp. 
Kommunen skal ein gong årleg evaluere sitt trafikktryggingsarbeid og ein tilsett i administrasjonen vil få eit særskilt ansvar for dette feltet.  Godkjenninga vart markert med ei god marsipankake frå Trygg Trafikk Eli Otterlei      

Alle sektorar er no involvert i dette arbeidet. Kommunen skal ha eit særskilt fokus på born, unge, eldre og menneske med funksjonsnedsetting. Det skal leggast til rette for at desse trafikantgruppene og andre innbyggarar kan ferdast så trygt som mogleg i trafikken. 

Det er utarbeidd ein kommunal trafikktryggingsplan med både førebyggande og fysiske tiltak for betre trafikktryggleik, og denne vil i nær framtid verte politisk behandla. Det er også utarbeidd planar for den sykkylvske barnehagen og den sykkylvske skulen når det gjeld trafikkopplæring og fokus på trafikktryggleik.

Som del av arbeidet er nye retningsliner for tenestereiser utarbeidd og det er slått fast at trafikktryggleik skal innlemmast som ein del av kommunen sitt internkontrollsystem. 
Ei rekkje andre konkrete tiltak vil verte lagt inn i den kommunale trafikktryggingsplanen. 

Trafikktryggleik er allereie ein sentral del i kommunen sitt folkehelsearbeid.  
I tida framover vil folkehelseperspektivet i større grad gjenspeile seg i trafikktryggings-arbeidet.  Målet er at også lag og foreiningar i bygda vår skal verte meir bevisste på kva trygg åtferd i trafikken er. 

Kommunen har i mange år hatt fokus på og arbeidd med trafikktryggleik. Helsestasjonen har saman med barnehagane og skulane arbeidd godt med det førebyggande trafikktryggings-arbeidet. Godkjenninga som «Trafikksikker kommune»  betyr først og fremst at kommunen sitt arbeid vert evaluert og det vert stilt krav til rutinar og planar framover. Grunnarbeidet er gjort, men å sikre gode haldningar og trygg trafikkåtferd både blant tilsette, innbyggarar og å gi gode haldningar og kompetanse til barn og unge krev kontinuerleg innsats. Visjonen om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken vil vere avhengig av vår eigen innsats og våre eigne haldningar som trafikantar i Sykkylven.Prosjektgruppa og representantar frå Trygg Trafikk Eli Otterlei