Ungdommar i sommarjobb

I år har Sykkylven kommunen hatt glede av å tilby 34 ungdommar mellom 15 til 19 år sommarjobb innanfor eigedom og kultur. Desse kjem i tillegg til ungdommar som arbeidar innanfor helsesektoren. Det er andre året det vert tilbydd sommarjobb på andre områder enn helse.

Eigedomsavdelinga, bygg har hatt 21 ungdommar i arbeid. Oppgåvene har vore mange og innsatsen jamt over god. Oppgåvene har mellom anna vore flytting av møblar mellom skulane, hjelp med barnepass og flytting av SFO, slåing av gras (kanter og bakker) i barnehagane, på skulane og rundt Sykkylven omsorgssenter, spyling av uteplassar og fjerning av  ugras, oppsetting av gjerde kring dei ny områda på Ullavik barnehage og maling av Vikedalen barnehage utvendig, avdelinga på Ullavik barnehage innvendig og vidauga på Blakstad barnehage.

Eigedomsavdelinga, reinhald hadde i byrjinga av ferien åtte ungdommar i arbeid. Dei hjalp til med dagleg reinhald og nedvask av skular, slik at reinhald kom i mål til sommaren. På slutten av ferien hadde dei ein ungdom som hadde som oppgåve å skure gulva i den nye barnehageavdelinga til Ullavik barnehage. I tillegg har dei hatt inne to ungdommar for å få ferieavviklinga til å gå opp.

Biblioteket har hatt to ferievikarar som har vore der i to veker kvar. Dei hadde som hovudoppgåve å hjelpe besøkande med turistinformasjon, og i mellomtida hjalp dei til med biblioteksoppgåver, som å låne ut og plassere bøker.

Dei som har vore ansvarlege for ferievikarane er samde om at det har vore flinke, hjelpsame og lærevillige ungdommar som har hjulpe til med arbeidoppgåver i kommunen i sommar. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete