Vi ønsker innspel i frå næringslivet!

I Sykkylven kommune ser vi på næringsutviklingsarbeid som ein viktig del av kommunen sitt arbeid for eit godt lokalsamfunn. Vi er opptekne av å vere ein god samarbeidspartnar for næringslivet, og ha dialog med aktørar i næringslivet på fleire måtar gjennom året. 

Næringslivsundersøking 

For å få ein årleg temperaturmålar på kor godt vi treff i vårt næringsutviklingsarbeid invitera vi deg som bedriftseigar og bedriftsleiar til å svare på næringslivsundersøkinga vår. 

I løpet av dei nærmaste dagane vil det kome ein e-post med lenke til undersøkinga, alternativt kan du følge lenka under og svare på undersøkinga med ein gong. 

Næringslivsundersøking

Undersøkinga tar omlag 5 minutt. Svarfrist 31.januar 2024. 

Vi håper at du vil ta deg tid til å dele meiningar, slik kan vi få moglegheit til å skape eit enno betre samarbeid og betre legge til rette for utvikling og vekst i kommunen vår. 

På førehand takk! 

Torbjørn Emblem 
Kommunedirektør

Kontakt

Lise Haukeberg
Programleiar
E-post
Mobil 98 88 22 92

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post