Borgarleg vigsel i Sykkylven kommune

Slik går du fram om du vil gifte deg borgarleg:

  1. For å inngå ekteskap i Noreg, må Staten først gjennomføre ei prøving av ekteskapsvilkåra. Dette utførast av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. Dersom vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylt, skriv folkeregisteret ut ein prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månader. Sjå informasjon frå Skatteetaten: Veien til ekteskapet - steg for steg
  2. Når du har mottatt prøvingsattest, kan du ta kontakt med kommunen for å avtale tid og stad. Hugs at dette må gjerast i god tid, seinast tre veker før ønska bryllaupsdato.      
  3. Prøvingsattesten skal leverast til eller sendast til kommunen seinast ei veke før dato for vigsel.

Alle som ønskjer det kan gifte seg borgarleg i Sykkylven kommune

  • Tilbodet er gratis for personar folkeregistrert i Sykkylven kommune og for personar som ikkje er busett i Noreg.
  • Brudefolk frå andre kommunar må betale eit gebyr på kr. 800 til Sykkylven kommune.
  • Det skal gjennomførast ein førehandssamtale mellom vigslar og brudepar.
  • De må ha gyldig legitimasjon for å tinge vigsel hos kommunen.
  • Kommunen tilbyr formannskapssalen til seremonien.
  • Kommunen har også godkjent Berlihuset som vigselslokale. Brudeparet må sjølv gjere avtale og betale leige til Berlihuset.
  • Tilbodet om vigsel er avgrensa til kommunen si ordinære opningstid. Primær vigselsdag er fredag. Sykkylven kommune tilbyr vigsel alle veker i året med unntak av påskeveka, fellesferievekene og veke 51 og 52.
  • De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane. 
  • Dersom det er behov for tolk, må du sjølv bestille og betale dette. 
  • Det er fire funksjonar i kommunen som har vigselsmyndigheit: ordførar, varaordførar, kommunedirektør og kommunalsjef.
  • I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. Men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald. Dersom du har andre særskilte ønskje enn det kommunen tilbyr, må du ordne og betale dette sjølv.

Etter vigselen

Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre virkedagar etter bryllaupet. Brudeparet får tilsendt ein kopi. Kopien fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege attesten i posten frå Folkeregisteret. 

Om du skal endre namn som resultat av vigselen, må du ordne dette sjølv. Søknad finst på Skatteetaten sine nettsider.

Om du har endra namn og skal på bryllupsreise i utlandet, må du sørgje for at namnet i passet stemmer med namnet på billetten. Viss ikkje kan du få problem ved innsjekking.

Treng du nytt pass? Ta kontakt med politiet i ditt distrikt.
 

Rutine:

Eksterne lenkjer:

Kontakt

Torill Skjeret
Rådgjevar politikk/beredskapskoordinator
E-post
Mobil 94 85 41 79

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post