Høyringar og kunngjeringarHer finn du høyringar, oppstartsvarsel og kunngjeringar i Sykkylven kommune pr.dato. Sist endra 02.03.2026 10.55 Offentleg ettersyn av søknad om endring av art og areal på lokalitet Røneset i Sykkylven kommuneHofseth Sea Farming AS har søkt om å endre lokaliteten Røneset frå produksjon av torsk i lukka merder til produksjon av laks i opne djupdriftsmerder. Det søkast om ein ønska MTB på 3120 tonn.Søknaden er no til offentleg ettersyn.Meiner ein at tiltaket kan få vesentlege verknadar som ikkje er tilfredsstillande utgreia i søknaden, eller har andre merknader til søknaden, må det meldast til kommunen. De kan gi merknader til planen via elektronisk skjema:Høyringsuttaleeventuelt på e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no eller post til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven. Merknadsfrist er 02.04.2026. Merk oversendinga med saksnummer 2025/1768. Kommunen vil sende innkomne merknadar vidare til fylkeskommunen for vidare handsaming. Søknadsdokument: Detaljregulering rorbu på Kursetstranda - Vedtak om eigengodkjenning med klagerettReguleringsplanen vart vedtatt eigengodkjent i Sykkylven kommunestyre den 23.02.2026.Reguleringsplanen er bindande for den framtidige arealbruken for området.Krav om innløysing eller erstatning må vere sett fram innan 3 – tre år frå denne offentlegekunngjering, jf. pbl. § 15-2 og 15-3.Informasjon om klagerettKommunestyret sitt vedtak om eigengodkjenning er eit enkeltvedtak som kan klagast på.Informasjon om klagerett ligg i vedlagt.Ved klage skal denne merkast med saksnummer 2023/2273. Dokument:Informasjon om klagerett.pdf (PDF, 131 kB)DP Rorbuer for Kursetstranda, gbnr. 54_66 mfl. - VAO plan_2025.05.21.pdf (PDF, 3 MB) Høyring 2. gong - Vegnamn rundt Sætrevatnet - FjellsætraEtter første uttale frå Språkrådet og innspel i høyringsrunden, vedtok levekårsutvalet ein del endringar ut frå det opprinnelege forslaga til vegnamn. Dette etter innspel i høyringsrunden. Desse namna har vore til Språkrådet for uttale. Det er no høve å kome med innspel på dei 6 namneforslaga.Innspel kan sendast digitalt via elektronisk skjema: Skjema - for innspelHøyringsfrist: 16. mars 2026. Dokument og kart:Vegnamn rundt Sætrevatnet etter høyring Språkrådet 01-2026.pdf (PDF, 66 kB)Tilråding frå Språkrådet - nye framlegg til namn på sju vegar (1).pdf (PDF, 995 kB)Sykkylven kommune – nye framlegg til namn på sju vegar – vegane 1–4 KART.pdf (PDF, 254 kB)Sykkylven kommune – nye framlegg til namn på sju vegar – vegane 5–8 KART.pdf (PDF, 2 MB)Sykkylven kommune – nye framlegg til namn på sju vegar – brevet frå kommunen i januar 2026.pdf (PDF, 155 kB)Kunngjering av vegnamn - frå Dravlausstølsskiftet til Dravlausskogen På strekninga Dravlausskiftet til Dravlausskogen blir det vedtatt følgande 2 vegnamn: Stølsvegen Dravlausskogvegen Vedtaket er gjort av Levekårsutvalet 28. januar 2026. Saksdokument Kven kan klage? I samsvar med stadnamnlova § 12 kan berre dei som har rett til å reise namnesak etter § 6 bokstav a-c klage på skrivemåten: Offentlege organ (kommuner, fylkeskommuner, Kartverket) Grunneigarar eller festarar når namnet gjeld eigen eigedom Lokale organisasjonar med særleg tilknyting (t.d. historielag, velforeningar) Klagefrist: 20. februar 2026