Ordførar

Ordføraren i Sykkylven kommune er Olav Harald Ulstein frå Framstegspartiet.

Olav Harald Ulstein vart valt 02.10.2023 i kommunestyret sitt konstituernade møte. Vervet er for 4 år.

SH

Ordføraren har kontor på rådhuset. Han kan kontaktast per e-post: olav.harald.ulstein@sykkylven.kommune.no eller på telefon: 900 95 687.

Ordføraren sine oppgåver:

  • Er leiar i Sykkylven kommunestyre og Sykkylven formannskap.
  • Har møte- og talerett i alle kommunale organ, men har stemmerett og forslagsrett berre om han er vald medlem.
  • Er kommunen sin rettslege representant og skriv under på vegne av kommunen der mynde ikkje er tildelt andre.
  • Kan avgjere saker som ikkje er prinsipielle og som kommunestyret har gitt fullmakt til.