Familieteam i SykkylvenFamilieteamet er eit lågterskeltilbod som tilbyr støtte og rettleiing til familiar med barn og ungdommar (0-18 år) eller til gravide. Familielivet kan vere utfordrande til tider og vi ønsker derfor å komme i kontakt med dykk som familie så tidleg som mogleg og før vanskane vert for store. Alle henvendingar vert handsama fortruleg og vil få rask tilbakemelding. Publisert 31.08.2023 14.30 Sist endra 11.09.2024 09.29 Familieteamet er eit tverrfagleg team som for tida består av barnehagelærar, barnevernspedagog, familieterapeut, helsesjukepleiar og PMTO terapeut. Familietemaet tilbyr i hovudsak inntil 4-8 konsultasjonar. Dette kan Familieteamet bistå medFamilieteamet kan blant anna hjelpe dykk med:Kartleggingssamtalar.Støttesamtalar og rådgiving.Foreldrerettleiing og endringsarbeid.Rettleiing i heimen.Hjelp i høve samspel og grensesetting.Bistand i vanskelege situasjonar. Samtalar med barn og ungdom. Familiesamtalar. Kontakt med andre tenester dersom det er ønskeleg eller naudsynt. Kontakt ossForeldra kan ta direkte kontakt med familieteamet i Sykkylven. Andre tenester kan ta kontakt etter samtykke frå foreldra. Ungdomar kan også be om hjelp på eigenhand. Vi har besøksadresse Haugneset 20 og er tilgjengeleg alle kvardagar kl. 08 - 15. I einskilde tilfelle kan andre tidspunkt avtalast. F.v: Mette Brenne, Anne-Grethe Slinning, Beth K. Østro Eidem, Hilde V. Bjørnestad, Anita Mosby Nakken